STIF 90 år!

Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 8. Sep 2020

Svelgen Turn- og Idrettsforening vart stifta 8. september 1930. Nedanfor kan

du lese litt om korleis det gjekk til at STIF vart stifta, om lag to år

etter at smelteverket hadde starta opp. Opplysningane er henta frå

historieboka "Heia STIF!" , som vart utgjeva av STIF i 2003, med Frank

Ryland som forfattar.

Gutetroppen i 1931, det eldste STIF-bildet vi har. Lauritz Midtbø som instruktør i midten av bildet. 

Før stiftinga:

Det var verken folkegrunnlag eller interesse for å starte eit idrettslag i

fjordbotnen innst i Nordgulen tidleg på 1900-talet. Frå tidleg på 1800-talet

og fram til 1917 budde det om lag 40 personar på dei 6 gardane på Rise (4)

og Sande (2). På denne tida hadde ein ikkje namn på området inst i botnen av

Nordgulen.


I 1917 starta anleggsarbeidet på det første vasskraftanlegget i Svelgen. Då

auka folketalet på kort tid til om lag 400 personar, då mange

anleggsarbeidarar kom til bygda. Desse anleggsarbeidarane budde i barakker,

og mange av dei reiste nok til sine heimplassar når dei hadde fri. Då den

første generatoren på kraftverket vart starta opp i oktober 1921, håpte ein

at denne krafta skulle kunne gje nye arbeidsplassar. Men det skulle ta nokre

år før ein fann ut kva ein kunne nytte krafta til som kunne gje

arbeidsplassar i Svelgen. Ein gjorde ei rekke forsøk på å få i gang ulike

industriprosjekt, mellom anna klippfisktørk og smelteforsøk, men desse

prosjekta stranda på ulike stadium. Mot slutten av 1921 var det om lag 60

anleggsarbeidarar att i Svelgen, og eitt år seinare var desse redusert til

25. Generator nr. 2 ved kraftverket vart teken i bruk i 1922. Då det vart

slutt på anleggsarbeidet i 1923, var det ikkje arbeid å få for folk flest i

Svelgen. Difor emigrerte mange av ungdomane i Gulenfjordane til Amerika og

fekk seg arbeid der. Dei fleste av dei var "over there" til slutten av

1920-talet, då nedgangstidene kom til Amerika, og det på ny var mogeleg å få

seg arbeid i Svelgen.


I 1927 starta arbeidet med å byggje den første store smelteomnen i Svelgen.

Dette var ein rujernsomn som vart teken i bruk i byrjinga av november 1928,

og som seinare vart kalla Ovn 1. Første tapping vart gjort 14. november same

året. Det var ikkje berre omnen som skulle byggast, mellom anna medførte

bygginga av denne også bygging av sinterverk, råstofflager, laboratorium,

kaianlegg med kaikran, transformatorhus, midlertidig kontor- og

lagerbygning, samt bustader til arbeidarane. Det var A/S Bremanger

Kraftselskab som stod bak desse utbyggingane, og både smelteverket og

kraftverket vart drivne under namnet til Kraftselskabet. Til dette arbeidet

trengde ein mykje arbeidskraft og dette året, og i åra som følgde, flytta

det mykje unge folk til Svelgen. Mellom dei nyetablerte var det personar som

hadde drive med idrett andre stadar. Mellom desse var brødrene Lauritz og

Alf Midtbø som flytta til bygda i høvesvis 1928 og 1930. Desse to hadde

drive både med turn og fotball i Florø, der dei vaks opp. Mellom anna vart

dei krinsmeistrar i fotball for Florø SK i 1925. Alf Zachariassen flytta til

Svelgen i 1928 og hadde i åra 1925-1928 gjort seg bemerka som

friidrettsutøvarar i SK Brann i Bergen, der han vaks opp. Zachariassen

deltok på nokre stemne for Florø TIF i 1929, kanskje også i 1930, og vart

dermed den første aktive idrettsutøvaren som var busett i Svelgen. Våren

1930 flytta Kaare Kjølberg tilbake til Svelgen, etter 3 års skulegang

utabygds. Kjølberg kom til Svelgen i 1919 då faren byrja som styrar på

sinksmelteverket, som var under planlegging. Kjølberg gjekk folkeskulen i

Svelgen, før han i 1927 reiste til Sarpsborg og gjekk på gymnaset der. Her

fekk han interesse for idretten og deltok i idrettsaktivitetar. Etter

gymnaset byrja Kjølberg å arbeide på Smelteverket.


Stiftingsåret 1930:

Ein kjenner ikkje til korleis det gjekk til at ein 8. september 1930 kalla

inn til møte for å skipe eit idrettslag i Svelgen, men dei fire karane som

var nemnde over vert rekna som initiativtakarar til møtet. Møtet tok til kl.

19.30 i Folkets Hus, og det møtte fram 15 personar. På dette

møtet vedtok ein lover, heldt val og bestemte at laget skulle heite Svelgen

Turn- og idrettsforening (STIF). Kontingenten vart fastsett til kr 5 pr. år

for vaksne, og ein skulle ta kr 1 i innmeldingspengar. Ein bestemte seg også

for å gå i gang med eit guteparti i turn, og kontingenten for desse gutane

vart sett til kr 2. Det vart vedteke 22 lovparagrafar, og i følgje paragraf

1 var foreininga sitt mål å fremme turn- og idrettssaka i Svelgen. Paragraf

2 var som følgjer: " Foreningen skal stå tilsluttet Sogn og Fjordane

Distriktslag for idrett, samt særkretsen for turn og friidrett. Lovene for

Norges Landsforbund for idrett må følges, og gjøres gjeldende for laget". I

paragraf 4 bestemte ein at ein skulle halde to generalforsamlingar i året,

den eine i medio februar og den andre i august-september.


Folkets hus til venstre på bildet, kvar stiftingsmøtet til STIF vart holdt. 

 
Kaare Kjølberg vart vald til den første formannen i STIF. Kjølberg fylte 19


år 4 dagar etter at STIF vart stifta. Han var den yngste formannen STIF sitt

Hovudstyre hadde på 1900-talet. For å halde i gang den aktive idretten,

trengde ein også inntekter. 14. oktober valde STIF ein komité som skulle

lage til ein marknad over jul. Med i denne komiteen var: Klara Furset, Else

Kjølberg, Knut Sørby, Magnus Aadland og Kaare Kjølberg. Denne komiteen

arbeidde raskare enn ein forventa, for alt 6. og 7. desember vart den første

marknaden til STIF halden. På marknaden var det utlodding og tombola, samt

at nokre av medlemane framførte skodespelet "Den nye hushjelpen". Marknaden

gav eit netto overskot på kr 375.


I halvårsberetninga som gjaldt frå stiftingsdatoen til 1.1.1931 skreiv ein

følgjande: "Det første halvår i STIF`s historie her vært utmerket både

sportslig og økonomisk". Svelgen hadde i 1930 eit folketal på 328, og 67 dei

var medlemar i STIF. Fordelinga var 45 vaksne og 22 born. Av aktiv idrett i

skipingsåret var det berre turn ein kom i gang med. Men til gjengjeld hadde

ein både gute-, dame- og herreparti på programmet. 5. oktober vart det halde

propagandastemne av turnarar frå Florø TIF i Svelgen. Dette for at ein

skulle få opp interessa for turn i bygda. I samband med dette stemnet vart

det halde fest om kvelden.


STIF sin første formann Kaare Kjølberg i 1935


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.