Cornelius på landslaget!

Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 11. Sep 2018

Cornelius Hilde Eikeland vart i dag tatt ut på U17-landslaget i volleyball som deltar i NEVZA (North European Volleyball Zonal Association) sitt mesterskap i Ikast, Danmark 15-19 oktober. Ein kan lese meir om dette HER.

STIF Volleyballgruppa har etter mange år med låg aktivitet blitt den andre største gruppa i STIF etter fotball. Det gode arbeidet har resultert i fleire KM-titlar, deltaking i NM for fleire aldersbestemte lag og no seinast ein landslagsspelar. STIF hovudstyre vil gratulere volleyballgruppa ved trenarar, styre, foreldre og alle andre som gjer ein god innsats for barn og unge i Svelgen. Og ikkje minst vil vi gratulere Cornelius og ønsker han lykke til i Danmark. 

                                                  Cornelius Hilde Eikeland (foto: Inger Hilde)



STIF Sykkel

Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 17. Jul 2018

STIF har no fått eiga sykkelgruppe som er tilknytta Norges Cykleforbund. Målsetting er blant anna å stå som arrangør av den årlige Tour de Bremanger og Sykkelens dag. Skape samhold og engasjere. Det er ikkje lagt opp til nokre fellestreningar endå, ved interesse kan ein henvende seg til gruppeleiar André Vistnes på tlf 950 30 334. Det er også oppretta eiga facebookside --> HER





Molda Opp 2018

Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 19. Jun 2018

STIF i samarbeid med Keipen turlag og Barnas Turlag arrangerte laurdag 16 juni 2018 motbakkeløpet Molda Opp for første gang. Dette i anledning at Moldahytta er 80 år. Arrangementet var svært vellykka og det var ca 150 frammøtte. 

I konkurranseklassen deltok 25 stk, sigeren i herreklassa gikk til Brynjell Furnes Berland frå Askøy, medan Ane Brekke frå Førde vann dameklassa. Fullstendig resultatliste finn ein HER

STIF vil med dette spesielt takke Keipen Turlag som stod for serveringa og alle som deltok i dugnaden for å gjennomføre løpet. Ein spesiell takk til Sparebanken Sogn og Fjordane og Bremanger kommune som gav oss støtte til motbakkeløpet. Takk til alle frammøtte og velkommen tilbake til Molda Opp 2019

Deltakarane i konkurranseklassen