BASISBALL

Om aktiviteten:
BasisBall er trening med medisinball med handtak. Du får trent heile kroppen og ulike bevegelsesmønster. Det er stort fokus på stabiliserande, uthaldande og eksplosiv styrke. Treningsøvelsane er enkle, rå, harde og effektive. Treninga er leiken, utilgjort og energifrisk. Treninga gjev deg sterk base. Dermed vil du tåle meir, ikkje berre på trening, men også i kvardagen Treningane er for menn og kvinner, i alle aldrar. Kvar øvelse tilpassast med tanke på vanskelighetsgrad, tempo og intensitet.

Instruktørar:
Lene Marie Myklebust
Astrid Johanne Vårdal

Treningstider:
BasisBall Raw: Søndagar kl 19.00
BasisBall CenterCore: Tirsdagar kl 19.30

Stad: 
Svelgen idrettshus, handballhall

Påmelding:
Påmelding via facebooksida "BasisBall Svelgen"