Minneord Tor Zachariassen

Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 4. Sep 2020

Minneord om Tor Zachariassen:



I midten av august mottok vi i idrettslaget den triste meldinga om at Tor hadde gått bort, 88 år gamal. Tor var æresmedlem i Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF).

 Tor vart tidleg idrettsinteressert, noko som ikkje var så rart, ettersom faren var ein framifrå idrettsmann og ei idrettseldsjel. Faren, Alf,  var og ein av fire som vert rekna som stiftarane av STIF i 1930. Tor fekk tidleg vere med faren på idrettsstemner både i Svelgen og på båtreiser til andre stadar i fylket. Tor vart 13 år i 1945 når 2. verdskrig var over. I ungdomstida var det turn, langrenn og friidrett som var Tor sine idrettsgreiner. I turn deltok han både i enkeltmannsturn og i troppsturn med STIF sin gute- og herretropp. I friidrett vart han bl.a. i 1950 KM-vinnar på 1000 m stafett i lag med tre lagkameratar frå STIF. 

 

Han heldt det gåande med aktiv idrett til langt opp i veteranklassane. På 70-, 80-, og tidleg 90-tal deltok Tor på mange landevegsløp og terrengløp rundt om i landet. På 80- og 90-talet deltok Tor og på mange langrenns-konkurkurransar rundt om i landet, og i fleire av dei skirenna rundt om i heimfylket deltok han over 10 gongar. Tor deltok på skirenn i alle fall heilt fram til 1999. Dei siste åra var det stort sett skimerkerenn han gjekk, og i 1999 nådde Tor målet om å få Skimerkestatuetten, etter å ha teke skimerket i 31 år. Tor var også glad i å ta idrettsmerket, og i 1990 fekk han Heidersprisen innan idrettsmerketakinga. Tor var og ein svært aktiv skytar i Gulen skyttarlag, og han var også glad i skyting med ski på beina. Han var med som aktiv når STIF og skyttarlaget på 1960- og 1970-talet arrangerte renn i skifeltskyting. I 1984 oppretta ein skiskyttargruppe i STIF, og Tor var med på skiskyttarrenn i om lag 5 år.

 

Tor vart vald til sitt første verv i STIF i 1961, då han var styremedlem i Hovudstyret. Tor var formann i Hovudstyret i STIF i 1964, og var og formann i følgjande fire særgrupper: Friidrettsgruppa 1962 og 1963 (styremedlem i 9 år), Skigruppa 1962, 1967, 1968 og 1985, Trimgruppa 1979, og Orienteringsgruppa 1991. I alle desse gruppene, samt i Skiskytargruppa, var han og styremedlem nokre år. Han var og trenar/instruktør innan friidrett, turn, herretrim, ski og skiskyting. Tor var i svært mange år ansvarleg for både idrettsmerketakinga og skimerketakinga i STIF, og han var i ein del år ansvarleg for turorienteringa som STIF tidlegare organiserte. Så ein kan trygt seie at han gjorde ein kjempejobb med å holde svelgarane i form.  

 

Han var i åra 1995-2003 medlem av sogekomitèen i STIF som jobba fram historieboka «Heia STIF!», som vart utgjeva i 2003. Første gong det var snakk om ei slik bok var til 50-årsjubilèumet i 1980, utan at det vart noko resultat av det. Etter dette var Tor i mange år den fremste pådrivaren for å få til ei skriftleg samling av historia til STIF. I ”Heia STIF!” bidrog Tor bl.a. med mange skildringar om korleis det var på trening, reiser og stemner i tidlegare tider, og han gjorde ein stor jobb med innsamling av bilete og resultat frå idrettane han hadde vore aktiv i.

 

Tor var i mange tiår ein svært så engasjert medlem av STIF, og allereie i 1977 vart han utnemnd til æresmedlem i STIF. Men han heldt det gåande i fleire titals år etter det. I 1995 fekk Tor Bremanger kommune sin kulturpris for sitt engasjement Gulen skyttarlag, Svelgen jeger- og fiskeforeining, Keipen turlag og STIF. Så seint som siste året var han aktiv med vedhogst og sal av ved på dugnad til inntekt for laga og organisasjonane han var engasjert i.

 

Svelgen Turn- og Idrettsforening lyser fred over minnet til Tor.

 

For Svelgen TIF  Frank Ryland



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.