Opning styrkerom i Svelgen Idrettshus

Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 30. Aug 2020

STIF i samarbeid med Bremanger kommune, opnar opp igjen Svelgen Idrettshus for eigentrening i styrkerommet i morgon måndag 31.08. Det vil vere begrensa opningstider fordi vi må ha økt reinhald pga smittevern. Reinhald vil gjennomførast av STIF første veka, frå andre veka ønskjer ein at brukarane av styrkerommet bidrar i dette dugnadsarbeidet. 
Opningstidene vil vere mandag, onsdag og fredag 17.00-21.00. 
Følgande reglar gjeld: 
1. Maks 5 samtidig på styrkerommet med minimum 1 m avstand, ved kø kan ein trene maks 1,5 time. 
2. Handvask før og etter trening. 
3. Vask av utstyr og apparat før og etter det blir brukt av den enkelte. 
4. EIn kan kun trene om ein er frisk. Ved teikn på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, feber, rennande nase, tung pust) held ein seg heime. 
5. Ein skriv seg inn og ut av liste, dette vil bli brukt ved eventuell smittesporing. 
6. Garderobar er stengt, eit toalett i gang er opent. 
God trening!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.