Minneord om Ingvald Ytrehus

Postet av Jørgen Midtbø Bjørkedal den 23. Aug 2020

Minneord om Ingvald Ytrehus:



Tidleg i august mottok vi i Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) den svært triste meldinga om at Ingvald hadde gått bort, 81 år gamal. Ingvald var STIF si fremste eldsjel gjennom alle tider, med over 50 års engasjement som idrettsleiar og trenar i laget vårt. 

Forutan at han var æresmedlem i STIF (utnemnd 1982), mottok han også følgande utmerkingar for sitt arbeid for idretten og spesielt fridretten: Friidrettsforbundet sin diplom for administrativt arbeid gjennom mange år (1983), Bremanger kommune sin kulturpris (1984), Friidretten sine vener i Sogn og Fjordane sin ”Stimulansepris for lang og tru teneste i lagsarbeidet” (1993), Friidrettsforbundet sitt ”Erkjentlighetsbevis” (1993), Friidrettsforbundet sin jubilèumsmedalje 100 år (1996), Norges Vel sin ”Ildsjelen” (sjå bilde frå 2004), og Kongen sin fortjenstmedalje (2009).

Ingvald var sjølv aktiv som utøvar innan friidretten frå 1954 til han måtte gi seg pga ei hofteskade i år 2000. Det var særleg innan dei ulike hoppøvingane han etter kvart spesialiserte seg. Han er framleis klubbrekordinnehavar i STIF i høgde (1,88 m 1963), og høgde u/tilløp (1,61 m 1974). I senior-KM for Sogn og Fjordane i åra 1959-1995 vann Ingvald 33 gull, 15 sølv og 9 bronse. I veteran-NM i åra 1977-2000 vart det 29 gull, 15 sølv og 9 bronse, og i nordisk veteranmesterskap vart det eitt gull både i 1989 og 1991. 

I 1964 og 1965 tok Ingvald sine første verv i STIF, då han vart vald til styremedlem i Friidrettsgruppa. Hausten 1966 flytta han frå Svelgen for å få seg lærarutdanning i Sogndal, og derfrå til lærarjobb i Kalvåg. I Kalvåg var han med å bygge opp eit flott og aktiv fridrettsmiljø som trenar, og han var og formann i IL Frøy. Ingvald og familien flytta tilbake til Svelgen hausten 1972. Dei første åra tilbake i Svelgen la han ned eit stort arbeid som formann i Hovudstyret i STIF. Også seinare gjorde han stor innsats for hovudlaget i STIF og andre særidrettar i STIF, og Ingvald hadde ei rekke verv både som leiar og styremedlem i fleire særgrupper.

I 1975 byrja Ingvald som friidrettstrenar i STIF. Når han trappa ned etter sesongen 2016, hadde han vore friidrettstrenar i STIF samanhengane i heile 42 år. Forutan at Ingvald var dyktig som friidrettstrenar var han og ein gledesspreder for ungane og ungdomane på treningane og stemnereiser. Alle som ville fekk delta på treningane, og alle vert tekne godt inn i det gode fellesskapet som Ingvald og medhjelparane skapte innan friidretten i STIF. Ingvald stilte alltid opp for både utøvarar og idrettslag, og hadde ord på seg for å vere ein svært så ærleg og påliteleg idrettsleiar. I ein del år fekk og utøvarane i Ålfoten, Davik og Rugsund gleda av at Ingvald reiste over fjellet for å trene dei i friidrett. Forutan at det har vore god breidde i mange periodar gjennom dei 42 åra Ingvald var trenar, trena han og både enkeltutøvarar og stafettlag fram til framifrå resultat på nasjonalt nivå.

I 1976 vart Ingvald for første gong valt til formann i Friidrettsgruppa i STIF. I dei 39 åra f.o.m. 1976 t.o.m. 2014 var han formann/leiar for friidretten i STIF i alt i 33 år. Han var også i 11 år, i perioden 1964-2016, styremedlem i Friidrettsgruppa. I alle desse åra hadde Ingvald god hjelp og støtte i idrettsarbeidet frå kona Liv, som sjølv har bidrege med 5 år som leiar og 7 år som styremedlem i Friidrettsgruppa. Alle dei fem borna deira var friidrettsaktive i yngre år, og mange av borneborna har enten vore aktive i friidrett tidlegare, eller er det framleis.

Vidare hadde han i mange år, i perioden 1983-2009, eit stort tal verv på krinsplan i friidretten i Sogn og Fjordane, som trenar, i styret, og to år som krinsleiar. Han var og i over 25 år friidrettsdommar på større og mindre stemner rundt om i landet.

Ingvald sin dugnadsinnsats for STIF og laget sine idrettsanlegg har vore enorm, og det er ikkje mogeleg å ramse opp alt her. Han var bl.a. svært ivrig på å halde fridrettsbana ved like i mange år i tida før ein fikk kunststoffdekke på løpebana og friidrettsdel på Svelgen stadion. Seinast i 2014 var han dugnadskoordinator når servicebygget ved Svelgen stadion vart bygd. I mange år og heilt fram til siste året har han drive vedhogst og vedsal på dugnad, til inntekt for STIF.

 

Svelgen Turn- og Idrettsforening lyser fred over minnet til Ingvald.

 

For Svelgen TIF 

Frank Ryland



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Jørgen Midtbø Bjørkedal

Årsmøte 2019

02.08.2020