Einar Gjerde, 90 år!

Postet av Jørgen Midtbø Bjørkedal den 2. Mar 2026

Einar med blomsterhelsinga han fikk frå STIF, då han feira dagen på lørdag!

Einar 90 år - oppstarten av fotballen i Svelgen – oppsummering av innsats for STIF og krets:


Etter at Einar og Oddbjørg flytta til Svelgen frå Florø i 1958, gjekk året etterpå i hovudsak med til

husbygging på Kvelve for einar sin del. Svelgen hadde på denne tid ikkje noko fotballbane. Einar var i

åra 1960-1962 svært aktiv med dugnad for å få opparbeid koksgrusbana, som stod ferdig sommaren

1962 med godkjend størrelse for seriefotball. Einar var i 1962 formann i Fotballgruppa i STIF, og sørga

for at det vart innkjøpt fotballmål (utan målnett). Fotballbana var mykje brukt denne sommaren, men det

var ikkje lagt opp til noko fast organisert trening. Likevel spelte STIF fire treningskampar dette året, med

Einar som initiativtakar, tre i Svelgen og ein i Florø. Kampen i Florø var det Einar som fekk i stand med

kjentfolk i Florø, der han sjølv spelte i eit par sesongar på midten av 50-talet. Svelgen tapte 4-7 i Florø,

men fekk skryt av florøværingane, som anbefalte STIF å melde på lag komande sesong.

Kampen mot Florø gav «blod på tann», og STIF bestemte seg for å melde på lag i 5. divisjon i

sesongen 1963. 27 år gamle Einar vart både trenar og oppmann for laget. Dette året vart det av STIF

gjort storinnkjøp av utstyr, som målnett, drakter, «sportsbenklær», sokkar, utstyr til keeper, spelereglar,

samt strømaskin for sagmuggsmerking av fotballbana.

Første seriekamp vart terminfesta til 28. april, borte mot Førde. Avreise frå Svelgen var kl 9, med

motorbåten «Vantit» (beredskapsbåten på smelteverket). Båtturen gjekk til Florø, der ein tok ekstrabuss

til Førde med ankomst der kl 12:45. Kampstart var kl 14. Avisa Firda skreiv følgjande om kampen:

”Fotballkampen på Kronborg sundag mellom Svelgen og Førde hadde ein frisk førsteomgang, men

rotut andreomgang då kondisjonen tok slutt. Svelgen opna sterkt og laga fleire kritiske situasjonar

framfor Førde-målet. Men så overtok Førde på midtbana og løperane avslutta med det eine elegante

målet etter det andre. Ved pause var stillinga 6–1 til Førde. Siste omgangen var nokså jamn og då fekk

Førde 1 mål. Det store samspelet sakna ein på begge laga. Center forward Einar Gjerde på Svelgen

hadde ei pen scoring, og elles merka ein seg center half Sigurd Liseth”. STIF og Berle hadde denne

sesongen eit samarbeid, og fire av dei som spelte denne første kampen var frå Berle.

Første heimekampen til Svelgen i seriespelet vart spelt mot Florø B den 4. mai. Etter ein jamnspela

førsteomgang stod det 0–0. I 2. omgang spelte Svelgen betre og reiv til seg meir og meir av spelet, og

vann til slutt 3–0 etter mål av Einar, Inge Hatlestad og presten i bygda, Einar Øritsland. Det var jamt god

innsats av alle og ei tydeleg betring frå kampen i Førde. Det var godt publikumsoppmøte då 105 vaksne

betalte billett à kr 2, og 45 ungar betalte 1 kr. Den 23. mai såg heile 233 tilskodarar Svelgen og Jølster

spele uavgjort 3–3 på Svelgen Stadion.

Svelgen enda som nummer 2 av 4 lag på tabellen med 2 sigrar, 2 uavgjort, 2 tap, målskilnad på 15–20,

og ein var einige om at Svelgen kom heiderleg frå debuten i fotballserien. Arvid Damstuen vart

toppscorar denne første sesongen med 4 mål på 5 kampar, og vart bl.a. den første i STIF som scora

hat trick. Dagfinn Ask var keeper i dei fleste kampane.

Skulle denne gratulasjonhelsinga vore like detaljert for alle åra Einar har vore engasjert i idretten i

Svelgen ville det teke mange timar å lese den opp :) Einar var spelande trenar/trenar for STIF sitt

seniorlag dei 11 første åra, og har totalt vore med i trenarteamet for seniorlaget/A-laget i 20 sesongar.

Totalt har han hatt 46 trenarverv i fotballgruppa, og sat 18 år i styret i Fotballgruppa. Han var

fotballdommar i 20 år, og har hatt minst 12 oppmannsverv. Einar var den første spelaren i STIF som

passerte følgande antal seniorkampar: 50 – 100 - 150. Han var ein av dei første i Sogn og Fjordane

som vart utdanna C-trenar i 1965.

Høgdepunkta i trenarkarriera på seniornivå var nok opprykka til 4. høgste divisjon i 1982 og 1997. I

aldersbestemt fotball trena Einar i 1976 og 1978 ein og same gutegjeng siger i seriespelet og til 3. og 2.

plass i sluttspelet om kretsmesterskap, henholdsvis i smågute- og guteklassen. På dette laget spelte

bl.a. Arild Førde som var eit produkt av Einar sitt gode treningsarbeid, ettersom han var trenar for Arild i

sju sesongar mellom 1974 og 1982. Einar var med rette stolt då Arild spelte i eliteserien i ei årrekke for

Sogndal, i periodar som kaptein, og vart teken ut på A-landslaget i 1988.

Einar var og formann i Hovudstyret i STIF i fire år i åra 1969-1972, og nestformann i 3 år på 60-talet.

Var og formann i Trimgruppa i 5 år på 70-talet, samt engasjert i Hovudkomitè for STIF-dagene i fleire år

og medlem i kontaktutvalg for idretten i Bremanger i mange år. På krinsnivå hadde Einar i ein 6-

- årsperiode på 70-talet ulike verv i Fotballkrisen sine komitèar, bl.a. som kretslagstrenar for juniorane. I Sogn og Fjordane Idrettskrins var Einar i styret i fem år på midten av 80-talet, og to år i styret i Svømmekretsen på 70-talet.

Einar var svært aktiv med dugnad når Svelgen stadion i ulike tidsperiodar gjekk frå koksgrus via grus

og gras til kunstgras. Den same dugnadsinnsatsen gjeld treningsbana ved småbåthamna i sentrum,

grusbana på Rise, styrketreningsutstyr i kraftverkstunnel, klubblokalet «Klubben», Svelgen Idrettshus,

ballbinge og «klubblokalet» ved stadion, med meir.

Alt dette gode idrettsarbeidet har ført til følgande høgst fortente utmerkingar: Æresmedlem i STIF

(1978), Norges Fotballforbund sitt «Honorære leiarstipend med diplom» (1982), Sparebanken Flora-

Bremanger sitt Idrettsstipend (1996), fotballkrinsen sin «Blå diplom» for innsats på klubbnivå (1998),

fotballkrinsen sitt «grøne merke med diplom» for innsats på krinsnivå (1999), og sist men ikkje minst

Bremanger kommune sin kulturpris (2006).


Gratulerer så mykje med 90-årsmarkeringa di Einar!

Beste helsing Frank Ryland, STIF.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.