STIF 90 år!
Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 8. Sep 2020
Svelgen Turn- og Idrettsforening vart stifta 8. september 1930. Nedanfor kan
du lese litt om korleis det gjekk til at STIF vart stifta, om lag to år
etter at smelteverket hadde starta opp. Opplysningane er henta frå
historieboka "Heia STIF!" , som vart utgjeva av STIF i 2003, med Frank
Ryland som forfattar.
Før stiftinga:
Det var verken folkegrunnlag eller interesse for å starte eit idrettslag i
fjordbotnen innst i Nordgulen tidleg på 1900-talet. Frå tidleg på 1800-talet
og fram til 1917 budde det om lag 40 personar på dei 6 gardane på Rise (4)
og Sande (2). På denne tida hadde ein ikkje namn på området inst i botnen av
Nordgulen.
I 1917 starta anleggsarbeidet på det første vasskraftanlegget i Svelgen. Då
auka folketalet på kort tid til om lag 400 personar, då mange
anleggsarbeidarar kom til bygda. Desse anleggsarbeidarane budde i barakker,
og mange av dei reiste nok til sine heimplassar når dei hadde fri. Då den
første generatoren på kraftverket vart starta opp i oktober 1921, håpte ein
at denne krafta skulle kunne gje nye arbeidsplassar. Men det skulle ta nokre
år før ein fann ut kva ein kunne nytte krafta til som kunne gje
arbeidsplassar i Svelgen. Ein gjorde ei rekke forsøk på å få i gang ulike
industriprosjekt, mellom anna klippfisktørk og smelteforsøk, men desse
prosjekta stranda på ulike stadium. Mot slutten av 1921 var det om lag 60
anleggsarbeidarar att i Svelgen, og eitt år seinare var desse redusert til
25. Generator nr. 2 ved kraftverket vart teken i bruk i 1922. Då det vart
slutt på anleggsarbeidet i 1923, var det ikkje arbeid å få for folk flest i
Svelgen. Difor emigrerte mange av ungdomane i Gulenfjordane til Amerika og
fekk seg arbeid der. Dei fleste av dei var "over there" til slutten av
1920-talet, då nedgangstidene kom til Amerika, og det på ny var mogeleg å få
seg arbeid i Svelgen.
I 1927 starta arbeidet med å byggje den første store smelteomnen i Svelgen.
Dette var ein rujernsomn som vart teken i bruk i byrjinga av november 1928,
og som seinare vart kalla Ovn 1. Første tapping vart gjort 14. november same
året. Det var ikkje berre omnen som skulle byggast, mellom anna medførte
bygginga av denne også bygging av sinterverk, råstofflager, laboratorium,
kaianlegg med kaikran, transformatorhus, midlertidig kontor- og
lagerbygning, samt bustader til arbeidarane. Det var A/S Bremanger
Kraftselskab som stod bak desse utbyggingane, og både smelteverket og
kraftverket vart drivne under namnet til Kraftselskabet. Til dette arbeidet
trengde ein mykje arbeidskraft og dette året, og i åra som følgde, flytta
det mykje unge folk til Svelgen. Mellom dei nyetablerte var det personar som
hadde drive med idrett andre stadar. Mellom desse var brødrene Lauritz og
Alf Midtbø som flytta til bygda i høvesvis 1928 og 1930. Desse to hadde
drive både med turn og fotball i Florø, der dei vaks opp. Mellom anna vart
dei krinsmeistrar i fotball for Florø SK i 1925. Alf Zachariassen flytta til
Svelgen i 1928 og hadde i åra 1925-1928 gjort seg bemerka som
friidrettsutøvarar i SK Brann i Bergen, der han vaks opp. Zachariassen
deltok på nokre stemne for Florø TIF i 1929, kanskje også i 1930, og vart
dermed den første aktive idrettsutøvaren som var busett i Svelgen. Våren
1930 flytta Kaare Kjølberg tilbake til Svelgen, etter 3 års skulegang
utabygds. Kjølberg kom til Svelgen i 1919 då faren byrja som styrar på
sinksmelteverket, som var under planlegging. Kjølberg gjekk folkeskulen i
Svelgen, før han i 1927 reiste til Sarpsborg og gjekk på gymnaset der. Her
fekk han interesse for idretten og deltok i idrettsaktivitetar. Etter
gymnaset byrja Kjølberg å arbeide på Smelteverket.
Stiftingsåret 1930:
Ein kjenner ikkje til korleis det gjekk til at ein 8. september 1930 kalla
inn til møte for å skipe eit idrettslag i Svelgen, men dei fire karane som
var nemnde over vert rekna som initiativtakarar til møtet. Møtet tok til kl.
19.30 i Folkets Hus, og det møtte fram 15 personar. På dette
møtet vedtok ein lover, heldt val og bestemte at laget skulle heite Svelgen
Turn- og idrettsforening (STIF). Kontingenten vart fastsett til kr 5 pr. år
for vaksne, og ein skulle ta kr 1 i innmeldingspengar. Ein bestemte seg også
for å gå i gang med eit guteparti i turn, og kontingenten for desse gutane
vart sett til kr 2. Det vart vedteke 22 lovparagrafar, og i følgje paragraf
1 var foreininga sitt mål å fremme turn- og idrettssaka i Svelgen. Paragraf
2 var som følgjer: " Foreningen skal stå tilsluttet Sogn og Fjordane
Distriktslag for idrett, samt særkretsen for turn og friidrett. Lovene for
Norges Landsforbund for idrett må følges, og gjøres gjeldende for laget". I
paragraf 4 bestemte ein at ein skulle halde to generalforsamlingar i året,
den eine i medio februar og den andre i august-september.
Kaare Kjølberg vart vald til den første formannen i STIF. Kjølberg fylte 19
år 4 dagar etter at STIF vart stifta. Han var den yngste formannen STIF sitt
Hovudstyre hadde på 1900-talet. For å halde i gang den aktive idretten,
trengde ein også inntekter. 14. oktober valde STIF ein komité som skulle
lage til ein marknad over jul. Med i denne komiteen var: Klara Furset, Else
Kjølberg, Knut Sørby, Magnus Aadland og Kaare Kjølberg. Denne komiteen
arbeidde raskare enn ein forventa, for alt 6. og 7. desember vart den første
marknaden til STIF halden. På marknaden var det utlodding og tombola, samt
at nokre av medlemane framførte skodespelet "Den nye hushjelpen". Marknaden
gav eit netto overskot på kr 375.
I halvårsberetninga som gjaldt frå stiftingsdatoen til 1.1.1931 skreiv ein
følgjande: "Det første halvår i STIF`s historie her vært utmerket både
sportslig og økonomisk". Svelgen hadde i 1930 eit folketal på 328, og 67 dei
var medlemar i STIF. Fordelinga var 45 vaksne og 22 born. Av aktiv idrett i
skipingsåret var det berre turn ein kom i gang med. Men til gjengjeld hadde
ein både gute-, dame- og herreparti på programmet. 5. oktober vart det halde
propagandastemne av turnarar frå Florø TIF i Svelgen. Dette for at ein
skulle få opp interessa for turn i bygda. I samband med dette stemnet vart
det halde fest om kvelden.
Minneord Tor Zachariassen
Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 4. Sep 2020
Minneord om Tor Zachariassen:
I midten av august mottok vi i idrettslaget den triste meldinga om at Tor hadde gått bort, 88 år gamal. Tor var æresmedlem i Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF).
Tor vart tidleg idrettsinteressert, noko som ikkje var så rart, ettersom faren var ein framifrå idrettsmann og ei idrettseldsjel. Faren, Alf, var og ein av fire som vert rekna som stiftarane av STIF i 1930. Tor fekk tidleg vere med faren på idrettsstemner både i Svelgen og på båtreiser til andre stadar i fylket. Tor vart 13 år i 1945 når 2. verdskrig var over. I ungdomstida var det turn, langrenn og friidrett som var Tor sine idrettsgreiner. I turn deltok han både i enkeltmannsturn og i troppsturn med STIF sin gute- og herretropp. I friidrett vart han bl.a. i 1950 KM-vinnar på 1000 m stafett i lag med tre lagkameratar frå STIF.
Han heldt det gåande med aktiv idrett til langt opp i veteranklassane. På 70-, 80-, og tidleg 90-tal deltok Tor på mange landevegsløp og terrengløp rundt om i landet. På 80- og 90-talet deltok Tor og på mange langrenns-konkurkurransar rundt om i landet, og i fleire av dei skirenna rundt om i heimfylket deltok han over 10 gongar. Tor deltok på skirenn i alle fall heilt fram til 1999. Dei siste åra var det stort sett skimerkerenn han gjekk, og i 1999 nådde Tor målet om å få Skimerkestatuetten, etter å ha teke skimerket i 31 år. Tor var også glad i å ta idrettsmerket, og i 1990 fekk han Heidersprisen innan idrettsmerketakinga. Tor var og ein svært aktiv skytar i Gulen skyttarlag, og han var også glad i skyting med ski på beina. Han var med som aktiv når STIF og skyttarlaget på 1960- og 1970-talet arrangerte renn i skifeltskyting. I 1984 oppretta ein skiskyttargruppe i STIF, og Tor var med på skiskyttarrenn i om lag 5 år.
Tor vart vald til sitt første verv i STIF i 1961, då han var styremedlem i Hovudstyret. Tor var formann i Hovudstyret i STIF i 1964, og var og formann i følgjande fire særgrupper: Friidrettsgruppa 1962 og 1963 (styremedlem i 9 år), Skigruppa 1962, 1967, 1968 og 1985, Trimgruppa 1979, og Orienteringsgruppa 1991. I alle desse gruppene, samt i Skiskytargruppa, var han og styremedlem nokre år. Han var og trenar/instruktør innan friidrett, turn, herretrim, ski og skiskyting. Tor var i svært mange år ansvarleg for både idrettsmerketakinga og skimerketakinga i STIF, og han var i ein del år ansvarleg for turorienteringa som STIF tidlegare organiserte. Så ein kan trygt seie at han gjorde ein kjempejobb med å holde svelgarane i form.
Han var i åra 1995-2003 medlem av sogekomitèen i STIF som jobba fram historieboka «Heia STIF!», som vart utgjeva i 2003. Første gong det var snakk om ei slik bok var til 50-årsjubilèumet i 1980, utan at det vart noko resultat av det. Etter dette var Tor i mange år den fremste pådrivaren for å få til ei skriftleg samling av historia til STIF. I ”Heia STIF!” bidrog Tor bl.a. med mange skildringar om korleis det var på trening, reiser og stemner i tidlegare tider, og han gjorde ein stor jobb med innsamling av bilete og resultat frå idrettane han hadde vore aktiv i.
Tor var i mange tiår ein svært så engasjert medlem av STIF, og allereie i 1977 vart han utnemnd til æresmedlem i STIF. Men han heldt det gåande i fleire titals år etter det. I 1995 fekk Tor Bremanger kommune sin kulturpris for sitt engasjement Gulen skyttarlag, Svelgen jeger- og fiskeforeining, Keipen turlag og STIF. Så seint som siste året var han aktiv med vedhogst og sal av ved på dugnad til inntekt for laga og organisasjonane han var engasjert i.
Svelgen Turn- og Idrettsforening lyser fred over minnet til Tor.
For Svelgen TIF Frank Ryland
Opning styrkerom i Svelgen Idrettshus
Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 30. Aug 2020
Bremanger Quarry ny hovudsponsor i STIF
Postet av Svelgen Turn og Idrettsforening den 6. Mar 2020
STIF har inngått ei treårig hovudsponsoravtale med Bremanger Quarry. STIF er svært glade for at vi har inngått ei avtale med bedrifta i Svelgen. Sponsormidlane STIF mottek frå Bremanger Quarry gir oss moglegheit til å drive gode idrettstilbod for barn og unge, så vel som vaksne i STIF.
STIF takkar og ser fram til samarbeidet med Bremanger Quarry dei neste tre åra.